Vegen til Hjelmeland
Tenk deg at vegen til meir ro, meir natur og meir tid eigentleg ikkje er så lang – berre ei reise gjennom fjordlandskap, bygder og grøne lier.
Hjelmeland ligg midt i Ryfylke, mellom fjord og fjell, og er lett å nå frå både Stavanger-regionen og resten av Ryfylke. Du kan koma hit med bil, buss eller båt, og på vegen får du oppleva landskapet som gjer området så spesielt. Om du er på dagstur, helgetur eller på veg til hytta eller ny heim, er vegen til Hjelmeland ein del av opplevinga.
Den nasjonale turistvegen Rv 13 slynger seg gjennom Hjelmeland kommune og bind bygder saman.
Riksveg 13 er den viktigste samferdselsåra i Hjelmeland kommune og knyter kommunen til Stavanger-regionen i sør og Suldal i nord. Denne vegen er òg ein del av Nasjonal turistveg Ryfylke som byr på spektakulære naturopplevingar gjennom frodige kulturlandskap, djupe fjordar og høge fjell. Å reisa langs denne ruta gjev eit unikt høve til å oppleva noko av det vakraste norsk natur har å tilby.
Ryfast
Opninga av Ryfast-tunnellen i 2019 gav fastlandssamband til Stavanger-regionen, noko som gjer reisa enklare og raskare. I trekantsambandet, der Rv 13 kryssar Jøsenfjorden, finn ein òg verdas fyrste hydrogenbaserte ferje – eit banebrytande miljøprosjekt innan berekraftig transport. Denne unike kombinasjonen av storslått natur, moderne infrastruktur og klimavenleg teknologi gjer Rv 13 gjennom Hjelmeland til ein uforgløymeleg del av reiseopplevinga i Ryfylke.
Kollektivtilbodet i Hjelmeland kommune består av hurtigbåt til og frå Stavanger, daglege bussruter som knyter Hjelmeland saman med Tau og Stavanger, samt skuleskyssordningar for dei yngste innbyggerane. For å sikre at alle innbyggarar har moglegheit til å kome seg rundt i kommunen, tilbyr Hjelmeland også ungdomstaxi og taxi for eldre.
