Opplev Hjelmeland
Tenk deg ein stad der naturen møter kvardagsro, der fjord og fjell skapar ramma for små og store opplevingar. Her kan du senka tempoet, nyta stillheita og kjenna på nærleik til både landskap og folk – ein stad med plass til både eventyrlyst og kvilepuls.
Frå sidersmaking og gardsbutikkar til djupe fjordar og frodige dalar – Hjelmeland byr på opplevingar som grip både sansar og sinn. Om du kjem som gjest, hyttefolk eller på jakt etter eit nytt liv i Ryfylke, vil du finna noko ekte og ektefølt her. Skap deg gode opplevingar i Hjelmeland.
Mat og servering
I Hjelmeland ligg smaken nær naturen og maten smakar best der han kjem frå – midt i Ryfylke.
Overnatting
I Hjelmeland finn du alt frå fjordhotell til glamping, camping & hytter – overnatting for luksus, kvardagsglede og naturnære opplevingar for alle her.
Koma seg rundt
Av offentleg transport i Hjelmeland finn du busstilbod, hurtigbåt og ferjetilbod. I tillegg kan du nytta deg av taxitilbod eller leige sykkel, buss og båt.
Opplevingar
La deg freiste av vakker natur med både fjord, fjell, spanande kultur og mange flotte turløyper.
Opplev Hjelmeland heile året

Eventyrskogen
Turen for deg som ikkje er redd for å vandre i saman med tusser og troll! Kanskje også ein ulv?

Hjelmelandsvågen
Hjelmelandsvågen er eit sentralt utgangspunkt for ein rekke turar.

Spinneriet
Spinneriet blei bygt i 1873–74 og har blitt brukt til mange formål opp gjennom åra.

Sølvringane frå Sæbø
Les den utrulege historia om sølvringane frå Sæbø – vikingtidsskatt som fann vegen til kongar, Napoleon, verdsmeister-sider og ei jakt etter den mystiske sjette ringen.

Verdas største jærstol
Verdas største jærstol vart laga i samband med 100-årsjubiléet for jærstolindustrien i 1998.

Vigatunet
Vigatunet er eit gardstun med røter til 1500-talet. På sommartid er det museumsliv på garden.

Årdal gamle kyrkje
Årdal gamle kyrkje er ei særmerkte og vakker renessansekyrkje i tre frå 1600-tallet.






