Snarvegar

Mat og servering

Overnatting

Opplevingar

Opplev Hjelmeland

Tenk deg ein stad der naturen møter kvardagsro, der fjord og fjell skapar ramma for små og store opplevingar. Her kan du senka tempoet, nyta stillheita og kjenna på nærleik til både landskap og folk – ein stad med plass til både eventyrlyst og kvilepuls.

Frå sidersmaking og gardsbutikkar til djupe fjordar og frodige dalar – Hjelmeland byr på opplevingar som grip både sansar og sinn. Om du kjem som gjest, hyttefolk eller på jakt etter eit nytt liv i Ryfylke, vil du finna noko ekte og ektefølt her. Skap deg gode opplevingar i Hjelmeland.