Om oss
Tenk deg ei nettside der du finn det meste om Hjelmeland samla på ein stad – enten du vil vite meir om å bu her, jobbe her eller berre koma på besøk.
hjelmelandnaturlegvis.no er eit resultat av prosjektet «Hjelmeland Naturlegvis!», som er ein del av satsinga Hjelmeland kommune gjer på lokalsamfunns- og næringsutvikling. Målet er at nettsida skal bidra til å marknadsføra Hjelmeland og sikra god, samla informasjon og service – enten du allereie bur i kommunen, er fritidsbuande her eller vurderer å etablera deg i Hjelmeland.
