Næringsareal i Hjelmeland

Tenk deg ein stad der det er kort veg frå idé til handling – og der du faktisk finn plass til å veksa, enten du vil starte noko nytt eller byggja vidare på det du allereie har.

I Hjelmeland finn du næringsareal i fleire bygder, med moglegheiter for både små og større verksemder innan ulike bransjar. Her får du hjelp til å finne rett område, innspel om kommunale planar og rammevilkår, og rettleiing om aktuelle tilskotsordningar. Slik legg Hjelmeland til rette for bedrifter som vil skapa arbeidsplassar og vekst – midt i Ryfylke.

Start etablerings- og vekstreisa di i Hjelmeland.

I Hjelmeland finn du næringsareal i fleire bygder, med moglegheiter for både nye og etablerte verksemder som vil utvikla eller utvida drifta si. Her kan du finna areal til produksjon, lager, kontor eller kombinasjonsløysingar – frå fjordnære område til sentrale tomter med god tilkomst. Kommunen sin næringsrådgjevar kan hjelpa deg med oversikt over tilgjengelege næringsareal, kommunale planar, rammevilkår og aktuelle tilskotsordningar, slik at du får eit godt utgangspunkt for å satsa i Hjelmeland.

Næringsareal i Jøsenfjorden - Haugavika/Lundarneset

• 48 dekar regulert industri der 20 dekar er unytta

• 13 dekar framtidig, uregulert industriområde

• Næringsbygg på 720 m2 + småbåthamn – regulert til reiseliv

• Kommunal kai + NorStone sin kai

• Nåverande aktørar er NorStone og Gjil Maskin

• Sjå planinformasjon: Lundarneset, Haugavika

•I tillegg er det regulert 5 dekar til industriformål på Vadla

Næringsareal - Jøsneset/Fosså

• Området ligg ved FV 4700, 1,5km frå Nesvik ferjekai

• 20 dekar framtidig (uregulert) kommunal eigedom

• 5 dekar ferdig utbygd, her driv Mikals Laks

• Sjå meir i Kommuneplan

Næringsareal i Hjelmeland - Viganeset Sør

• Diverse industri – utbygd, men mange eigedommar som ikkje er fullt utnytta ( 15 – 20 dekar unytta)

• Aktørar: Fredriksen Silketrykk, Jansen Betong, Randøy Stein, Ullestad & Jansen Transport, Jansen Betong, m.fl.

• Sjå meir i Reguleringsplan

Næringsareal i Hjelmeland - Viganeset Nord

• Om lag 100 dekar regulert industriområde – ca. 50 dekar ubebygd/delvis opparbeidd

• 40 dekar nytt areal i kommuneplan

• Kommunal kai

• Reguleringsplan gir rom for utviding i sjø (15 dekar) + ny kailinje

• «Fiber i luft» – fiber under planlegging/utbygging

• Aktørar: Mowi, Askvik Aqua, SFD, Eco solutions, Stangeland, Vartdal Plast, IVAR

• Grunneigar ubebygd areal: Vighedlå AS

• Sjå meir i Reguleringsplan eller i Kommuneplan

Næringsareal i Fister - Barnevik

• Her er i dag tømmerkai

• 10 dekar regulert industriareal i tilknyting til tømmerkaien – kommunen har leigeavtale med rom for framleige

• 45 dekar framtidig industriareal i kommuneplan

• Manglar fiber i dag

• Sjå meir i Reguleringsplan eller i Kommuneplan

Næringsareal i Årdal - Svadberg

• 60 dekar regulert industri – fullt utnytta

• 12 dekar utviding i kommuneplan

• 100 dekar framtidig masseuttak i kommuneplan. Samordna planlegging også for etterbruk

• Tilknyting til framtidig RV13

• Aktørar: GD-Drift AS, Aluhak, Ryfylkefrukt SA, Årdal Aqua

• Fiber er på plass

• Kort avstand til planlagd industrikai

• Sjå meir i Reguleringsplan eller i Kommuneplan

Næringsareal i Årdal - Melsøyrane

• 140 dekar regulert industriareal – utbygd

• 2 kaiar – NorStone og BMI

• Kommunal industrikai under planlegging

• Fiber er på plass

• Aktørar: NorStone, BMI, Gausland Eigedom, Oddbjørn Ullestad

• Sjå meir i Reguleringsplan eller i Kommuneplan

Næringsareal i Årdal - Årdalstunet

• 30 dekar – regulert forretning, lettindustri, kontorer – delvis utbygd

• Ledige lokal, primært til industri

• Fiber er på plass

• Ligg ved RV 13

• Aktørar: Årdal Landbruk, Hjelmeland Bygg, Coop, Partner regnskap, + div. kontorer, Ullestad olje & dekkservice, Meland Auto, Felleskjøpet

• Sjå meir i Reguleringsplan