Mat og servering
Tenk deg å setja deg til bords med utsikt mot fjord og fjell, og få servert smakar som faktisk kjem frå gardane rundt deg – frå sider i glaset til frukt, bær og gode rettar på tallerkenen.
I dei mange gardsutsala finn du lokalprodusert sider, eplemost, kjøt, fisk, egg, frukt og bær, grønsaker, syltetøy og honning, og fleire av produsentane har fått både nasjonale og internasjonale prisar for produkta sine. Det er òg fleire serveringsstader å velja mellom – nokre opne heile året, andre opne ved spesielle høve – der du kan smaka deg gjennom Hjelmeland.
Finn matopplevingar
Gardsutsal og sideri
I gardsutsalet finn du varer: sider, eplemost, egg, frukt, grønt, syltetøy og honning.
Smaken av Ryfylke
Dette er ein restaurant i hjarta av Hjelmeland. Her lagar dei noko av det beste Ryfylke har å by på.
Epleriet
Hos Helgøybakkane Fruktgard får du blomstringsturar og fruktturar til Helgøy.
Siranees Thaimat
På fergekaien på Hjelmeland finn du Siranees Thaimat, ein liten kiosk som også har kafé.
Kniv & Gaffel AS
Kniv & Gaffel driv med catering, men kan også hjelpa med kantinedrift, selskap, andre samankomstar og reinhald.





