Gardsutsal og sideri
Tenk deg at du kan svinga innom små gardsutsal langs vegen, fylla bagasjerommet med gode smakar og ta med deg ei flaske lokal sider heim – alt laga av frukt og råvarer som har modna mellom fjord og fjell.
I dei mange gardsutsala finn du mykje godt, mellom anna lokalprodusert sider, eplemost, kjøt, fisk, egg, frukt og bær, grønsaker, syltetøy og honning. Fleire av produsentane har òg fått nasjonale og internasjonale prisar for produkta sine – det merkar du når du tek den første slurken eller smaksbiten.
Finn gardsutsal og sideri i Hjelmeland
Buhagen
Buhagen produserer kjøt og spekemat av villsau, økologisk kalvekjøt av vestlandsk raudkolle og pelsskinn av villsau. Dei har også eplemost og eplesideren «Bølgeskvulp».
Epleriet
Hos Helgøybakkane Fruktgard får du blomstringsturar og fruktturar til Helgøy.
Apal sideri
Frå Sæbø-garden over Hjelmelandsvågen har Apal Sideri laga frukt i generasjonar – no finn du lokal eplemost og sider i Apalbutikken på garden.
Eiane Gard
Eiane Gard lagar produkt av eigne råvarer med fokus på kvalitet og nyskaping. Her er alle velkommen for handel i gardsbutikken og som ei gruppe for omvisning og smaking.
Gjessfjell Pelssauagard
På Gjessfjell driv dei med pelssau og sel lammeskinna frå pelssauen på garden. Dei har innreia eit eige rom til skinnutsal.
Grønvik Gard
Grønvik Gard ligg ved Fisterfjorden i Hjelmeland – ein økologisk fruktgard som lagar prisvinnande, reinpressa eplemost utan tilsetjingar.
Helgøy Frukt
Her har dei eit sjølvbetjent gardsutsalg som selg sjølvlaga eplemost og sesongens frukter. Dei dyrkar moreller, plommer, pærer og eple.
HiaLam
På Bratthetland tilbyr HiaLam heile lammeslakt, pinnekjøtt og villsauskinn frå dyr som beitar fritt i Ryfylkeheiane – kortreist, berekraftig og smakfullt.
Kleppa Gard og Glamping
Kleppa gard og glamping ligg ved fjorden i Hjelmeland, med eple, eplemost og komfortabel overnatting i naturnære, solrike omgjevnader.
Mikals Laks AS
Mikals Laks er eit familieeigd røykeri på Skiftun som lagar førsteklasses, røkt og grava laks for matbevisste kundar.
Tveitane Gard
Tveitane gard ligg i Hetlandsbygda i Hjelmeland i vakre Ryfylke. Garden har lang tradisjon innan jordbærdyrking.
















