Eldreomsorg
Me satsar på helsefremmande og førebyggande tiltak for dei eldre.
Hjelmeland kommune satsar på helsefremmande og førebyggande tiltak for den aukande gruppa av eldre. Det blir lagd til rette for ein eldreomsorg kor ein skal kunne bu heime lengst mogleg og kor ein skal motta gode omsorgstenester når det ikkje lenger er mogleg.
Helsehuset i Hjelmeland sentrum inkluderer mellom anna:
- Legekontor
- Helsestasjon
- Skulehelseteneste
- Jordmorteneste
- Psykiatriteneste
- Fysioterapiteneste
- Tannhelseklinikk
- Barnevernsteneste
- NAV-kontor
Omsorgssentra i Hjelmeland
Det ligg eit omsorgssenter i Årdal og eit på Hjelmeland. Desse tilbyr ulike tenester og inkluderer mellom anna omsorgsbustader, heimesjukepleie, heimehjelp, dagsenter og demensavdeling.
