Bustad i Hjelmeland

Tenk deg ein heim der du har fjorden, bygda og naturen tett på – og kvardagen innanfor behageleg avstand, med skule, barnehage og arbeidsliv berre ein kort tur unna.

I Hjelmeland finn du eit variert utval bustader – frå einebustadar og leilegheiter til hytter, småbruk og tomter der du kan byggja draumen din sjølv. Her kan du velja mellom faste heimar og fritidsbustader, med nærleik til både natur, fellesskap og kvardagsliv. Enten du vil flytta hit, skaffa deg hytte eller berre utforska moglegheitene, ligg Hjelmeland open for nye naboar.

Start bu- og byggedraumen din i idylliske Hjelmeland.

I dag er det omlag 1400 bustader i kommunen, samt mange regulerte byggeklare tomter. I tillegg er fleire byggeprosjekt under utvikling.

Bygdaråd og innbyggarar i Hjelmeland viser eit stort engasjement for å arrangera bygdatreff og ivareta bygda si som ein god stad å bu. Det blir invitert til ulike arrangement og dugnadar gjennom året for å skapa både treffpunkt og aktivitetar.

Dette er med på å forma inkluderande samfunn som knyter både ugne og eldre, nyinnflytta og etablerte, fastbuande og fritidsbuande og folk frå ulike nasjonalitetar betre saman.

Bygdene

I Hjelmeland bur dei aller fleste i ei av desse bygdene

  • Årdal
  • Fister
  • Randøy
  • Hjelmeland
  • Vormedalen
  • Jøsneset
  • Jøsenfjorden

Fritidsbustad

I helgene og i feriar doblar me nesten folketalet, for her er det ikkje berre flott å bu – mange nyt hyttelivet i kommunen vår.

Er du på leit etter hytte, finn du dei som no er til sals i Hjelmeland på finn.no.

Tomter

Tenk deg: Du vaknar opp, lagar deg ein kopp kaffi eller te og drar gardinene til side og nyt sjøutsikten i ditt nybygde hus.

Start byggedraumen din med å sjekke ut ledige tomter på finn.no.

Kommunale tomter

På www.hjelmeland.kommune.no  finn du meir informasjon om kjøp av kommunale tomter.

Bustad til leige

For tida er det dessverre ingen ledige leiligheiter eller hus, men du kan kontakta Hjelmeland kommune på tlf. 51 75 00 00 for å snakk med bustadkoordinatoren.