Apal Sideri
Apal Sideri held til på garden Sæbø som ligg rett ovanfor Hjelmelandsvågen – kommunesenteret i Hjelmeland – med flott utsikt over Hjelmelandsfjorden.
Den aller første Apal-sideren var eigentleg berre eit testprosjekt sjøsett av den fingernemme tømraren Dan Olav, som både eig og bur på garden Sæbø i Ryfylke. For dei som ikkje er sideralkymistar sjølv, veit kanskje ikkje at ein brukar såkalla sidereple når ein skal produsere sider. Dan Olav sin sider vart derimot laga på søte og friske eteeple, sidan dette var dei epla som fanst på garden. Likevel smakte sideren så godt at han sende han inn til eit internasjonalt sidermeisterskap. Dan Olav døypte drikka til Sølvsider og håpa på det beste. Til tross for epleutfordringar og eit navn som inneheldt sølv, vann sideren gull! Lokalpressa gjekk av skaftet, og brått var livet på Sæbø snudd opp ned. No skulle eit nytt handverk perfeksjonerast.

