Lyngsheia
Mange ryfylkingar nyttar området, og kjem du med bil frå Stavanger kan du nå dette flotte turområdet på omlag 40 min.
Lyngsheia er eit populært turområde, både sommar og vinter.
I Hjelmeland finn du flott skiterreng med oppkøyrde skiløyper fleire stader i kommunen. Visste du at alt du treng til turen kan du låna på frilager.no? Frilager er ein utlånsportal av friluftsutstyr der dei låner ut alt frå ski og hengjekøyer til stormkjøkken og gamasjar.
Pakk sekken, spenn på deg skiene og gi deg sjølv flotte opplevingar i den vinterkledde Hjelmelandsnaturen!
Du må som alltid hugse å ta omsyn til værmeldinga (frå Yr.no) og fjellvettreglane (frå UT.no).
Norsk Folkehjelp – Strand og Forsand har ei vakthytta i Lyngsheia der dei har beredskap kvar helg frå januar til påske. Når forholda gjer det mogleg kjøyrer dei opp skiløyper, og på deira Facebookside deler dei oppdatert informasjon om ski- og løypeforhold og om vatna er trygge.
Finn fram
Frå Riksveg 13 (Ryfylkevegen) nederst i bakkane ned frå Tveidebrekka følgjer du skilting mot Lyngsheia og Songesand. Følg først Rivelandsvegen og kjøyr brua over Ullestadåna. Like etter svingar du av til høgre mot Lyngsheia og følgjer Songesandvegen opp i heia fram til vakthytta til Norsk Folkehjelp – Strand og Forsand.
Fleire aktivitetar:

