Ryfylke gardsysteri

Ryfylke gardsysteri i Hetlandsbygda på Fister lagar ost og yoghurt av eiga mjølk – frå halvfast kvitost til kremost og yoghurt. Velkomen innom!

Hilde og Joar Hauge driv Ryfylke gardsysteri som ligg i Hetlandsbygda, Fister. Dei har mjølkekyr, verpehøns og ysteri der dei produserer forskjellige typer ost og Ryfylkeyoghurt. Rabben er ein upasteurisert halvfast kvitost med ulik lagringstid. Pøyg er lagra i 3-6 mnd og Trave 6-12 mnd. Ryfylkeosten er ein modna kremost, modna på mjølkesopp.

I utsalget på garden får du kjøpt ost, yoghurt og egg i tillegg til produkter frå andre lokalmatleverandørar.

Velkommen innom!

Facebook | Ryfylke gardsysteri

Adresse:

Fistervegen 120
4139 Fister

Kontaktperson: Joar Hauge

Telefon: 971 84 515

E-post:  joar_hauge@hotmail.com