Sommarkonsert i Hjelmelandsvågen

Kvart år i juli er det sommarkonsert i Hjelmelandsvågen.

Kvar sommar blir Hjelmelandsvågen gjort om til ein stor utekonsertarena, med sjø, fjord og fjell som bakteppe. Då inviterer me til sommarkonsert med folkekjære artistar på scena – og fullt trøkk på kaien.

Gjennom åra har me hatt besøk av kjende namn som fyller Vågen med song, historier, latter og allsong. Stemninga er tett og nær, og det er lett å bli riven med – enten du vil danse, synge med av full hals eller berre nyte musikken og sommarkvelden.

Konsertkveld i Vågen

Sommarkvelden i Vågen handlar om meir enn sjølve konserten. Her møtest folk i alle aldrar for å vera i lag, kjenne på festivalstemninga og få ein skikkeleg sommarkveld ved sjøen. Det er alltid ei artist på hovudscena, og ofte eit band eller DJ som held fram festen etterpå.

Fleire aktivitetar: