Bjødnabu
Bjødnabu ligg omlag 450 m.o.h. og er eit flott og populært turområde både sommar og vinter.
I Hjelmeland finn du flott skiterreng med oppkøyrde skiløyper fleire stader i kommunen.
Visste du at alt du treng til turen kan du låna på frilager.no? Frilager er ein utlånsportal av friluftsutstyr der dei låner ut alt frå ski og hengjekøyer til stormkjøkken og gamasjar.
Pakk sekken, spenn på deg skiene og gi deg sjølv flotte opplevingar i den vinterkledde Hjelmelandsnaturen!
Du må som alltid hugse å ta omsyn til værmeldinga (frå Yr.no) og fjellvettreglane (frå UT.no).
Lysløypeanlegget, som er opparbeida av Hjelmeland Idrettslag og Hjelmeland kommune, er om vinteren treningsanlegg for skigruppa i idrettslaget. I tillegg er det eit populært skianlegg for barnefamiliar og alle som liker å ta seg ein skitur.
Hjelmeland Røde Kors bidreg med å kjøyre opp skiløyper mellom anna frå Bjødnabu og innover heia til Kaldavatn, Såteheia og Brendeknuten. Dette er eit flott skiterreng som gir deg ein flott skitur med både motbakkar og fine nedkjøringar.
Finn fram
Frå Hjelmeland følgjer du skilting inn mot Vormedalen. Like før tunnelen svingar du av til høgre der det er skilta til Bjødnabu. Følg Husstølvegen fram til P-plass ved Bjødnabu skianlegg.
Sjå kart over skiløypa frå Bjødnabu til Kaldavatn, Såteheia og Brendeknuten
Fleire aktivitetar:


