Bu og leva i Hjelmeland
Tenk deg eit arbeidsliv der du kjenner at det du gjer betyr noko – og eit kvardagsliv der du faktisk har tid til å merke det.
I Hjelmeland finn du ikkje berre ein jobb, men ein kvardag med rom for å puste, plass til å bidra og moglegheit til å leva tett på både natur og menneske. Enten du kjem aleine, med familien eller berre med draumen om noko nytt – du er naturlegvis velkomen.
Ledige stillingar
Bustader
Fritid
Kva skjer kalender
Historiar frå Hjelmeland
5 grunnar til at me treng akkurat deg!
Meiningsfullt arbeid
I Hjelmeland er ikkje arbeid berre noko du gjer – det er noko du er ein del av. Her jobbar du tett på kollegaer, tett på naturen, og tett på noko som betyr noko for fleire enn deg sjølv.
Tid til meir enn jobb
I Hjelmeland får du meir igjen for tida di. Med korte avstandar og rolegare tempo er det enkelt å finne balansen mellom jobb og liv.
Ein trygg plass å vekse opp
I Hjelmeland tilbyr me gratis barnehageplass til dei med bustadsadresse i kommunen. Her er og tre skular og ein ny ungdomsskule i 2026.
Ekte liv i levande bygd
I Hjelmeland er det eit stort engasjement for å arrangere bygdatreff og ivareta bygda si som ein god stad å bu.
Tett på naturen - og folk
Hjelmeland er ein stad der naturen møter kvardagsro, der fjord og fjell skapar ramma for små og store opplevingar.







