Du er naturlegvis velkomen til Hjelmeland.

Tenk deg ein stad der arbeid og kvardagsliv går hand i hand med natur og nærleik. Her kan du vakna til fjordutsikt, ta kaffien på trappa og kjenna at tida ikkje spring frå deg.

I Hjelmeland er det rom for både nye tankar og gamle tradisjonar. Frå levande bygder og lokale smakar til opne landskap og stillare dagar – Hjelmeland inviterer deg til å koma tettare på. Enten du er på besøk, har hytte her eller vurderer å gjera denne staden til din, vil du finne noko ekte – og ein plass du kan høyra til. Du er naturlegvis velkomen til Hjelmeland.